Åpning av ny hurtigbåtterminal i Kristiansund havn

Kranaskjæret

Den nye Hurtigbåtterminalen «Fausken» er på plass på Devoldholmen. Fylkeskommunen inviterer til åpning av passasjerterminalen mandag 2. november kl. 11:15.

Fylkeskommunen skriver i sin invitasjon:

«Den nye passasjerterminalen er ein flytande lekter. Terminalen som er universelt utforma, har både venterom og toalettfasilitetar, eit tilbod som dei reisande har etterlyst.

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett behov for å gi dei reisande eit trygt og godt servicetilbod, og meiner det er ei viktig investering å nytte 7,5 millionar kroner til passasjerterminalen. Kristiansund og Nordmøre havn IKS har bidrege med organisering og oppfølging rundt bygginga av terminalen.

I tillegg til å gi dei reisande eit betre servicetilbod, vil terminalen også gi byen, havneområdet og reiselivet eit løft. Med denne terminalløysinga opnar ein opp for nye utviklingsmoglegheiter i sentrum, noko som er viktig i eit byutviklingsperspektiv.

Det vil bli servert kaffe og kake til alle reisande, inviterte gjestar og frammøtte.»